EBA Vestenfjelske: Steffen skreiv historie!

Steffen Skjærli vart i 2022 kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen i Vestland. Foto: EBA Vestenfjelske

Steffen Skjærli (23) frå Sunnfjord er den første i Vestland fylke som har teke fagbrev i anleggsrøyrfaget. Han jobbar i Mesta si avdeling for Anlegg og Spesialproduksjon.

– Røyrfaget er i rivande utvikling, og vi må tenkje nytt for å auke tilgangen på faglært arbeidskraft i faget, seier leiar for område Nord i Byggopp Vestland, Håkon Svoen. Han er sjølv utdanna røyrleggjar og har bakgrunn frå skuleverket. – Det er stor trong for kompetanse på røyr i anleggsprosjekt, og Steffen skal få fylgje av fleire, lover han.

Kort fortalt jobbar ein anleggsrøyrleggjar med å lage og halde ved like infrastruktur for vatn, avløp og overvann i eit anlegg. Faget er breitt, der ein jobbar med alt frå grøfting til masseoppbygging, vatn-kjemi og trykkprøver. I læretida var Steffen til dømes med på å bygge infrastruktur for Sunnfjord kommune, i form av eit nytt vass- og kloakksystem frå Farsund til Mo, med nytt høgdebasseng.

Viktig med fagleg spisskompetanse

Steffen Skjærli tok vg1 Bygg- og anleggsteknikk på Øyrane vidaregåande skule og vg 2 Klima, energi og miljøteknikk på Flora vidaregåande skule, og starta som lærling i røyrfaget i Mesta i 2017. På den tida fantes ikkje tilbodet om fagutdanning som anleggsrøyrleggjar. – Men då Håkon fortalde om planane for den nye utdanninga, hoppa eg på så fort eg kunne, seier han.

– No har vi fått på plass ei fireårig utdanning i anleggsrøyrfaget. Det vil profesjonalisere faget og auke kvaliteten på arbeidet. Fagleg spisskompetanse gir betre løysingar, understrekar Håkon Svoen

«Entusiastisk, nøyaktig og effektiv»

Fram til Steffen fekk det andre fagbrevet sitt i januar i år var han ein av om lag 480 lærlingar med opplæringskontrakt i Byggopp Vestland. Dei har kontor i Bergen og Førde med i alt tolv tilsette. Planen er å utvide med fleire kontor i fylket, for å auke rekrutteringa og gi lærlingane enda betre oppfylgjing.

Håkon Svoen seier at Steffen Skjærli har vore ein «mønsterlærling». Det fekk 23-åringen prov for i samband med kåringa av «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen i Vestland i 2022, der Steffen vart kåra til ein av vinnarane. I grunngjevinga frå arbeidsgjevaren vart det mellom anna peika på at «han er entusiastisk til arbeidsoppgåvene, og ynskjer alltid å vere nøyaktig, effektiv og levere god kvalitet».

No har han lagt ei lang læretid bak seg, og satsar på mange gode år som fagarbeidar på anlegg

Steffen Skjærli skreiv historie då han vart den første med fagbrev i anleggsrøyrleggjarfaget i Vestland. Foto: Foto: EBA Vestenfjelske

  • Christine Roska Revheim-Hansen
  • EBA Vestenfjelske (EBAV)